Det er fullført

Det er fullført

Verket «Det er fullført» er blitt kalla ei musikalsk påskevandring, men kan også i form kallast eit påskeoratorium. Det blei laga til Sunnfjord Folkehøgskule sitt 100-årsjubilèum i mars 2002 og urframført i Førde kyrkje. Den presenterer påska på dei «raude dagane» med bibeltekstar og songar framført av kor, solistar og musikarar.

Musikken vart innspelt live under konsert i Naustdal kyrkje like før påske i 2006 med koret divisi og solist Marianne Juvik Sæbø som hovudaktørar saman med dyktige musikarar og solistar.

«Det er fullført» er så langt vi veit åleine om å presentere påska frå palmesundag til og med påskedag på denne måten i nynorsk språkform. Musikken spenner vidt, men gir likevel eit heilskapleg bilde. Den knyter saman linjer frå salmen med ei musikalsk form opp mot vår tid.

Kjøp eller lytt

Spotify

iTunes

CD

Bestill CD'en her.
For meir informasjon ta kontakt med Kjell Ivar Aase på tlf. 91 66 42 32.